mar 122015
 

hellstrom03
Det er ikkje lenge til Bekkjarvik Gjestgiveri kjem under fana Gode adresser på heimesida til Eyvind Hellstrøm.

Eyvind Hellstrøm er nett ferdig med fredagens lunsj når Marsteinen møter han i paviljongen på Bekkjarvik Gjestgiveri. Han har vore i bygda i fem dagar, i samband med opptak til dokumentarserien Hellstrøm rydder opp, som har funne stad på Tonnings Mathus på senteret like over vegen.
– Eg reiser att i morgon, men kunne gjerne vore her ei veke til, seier han. Teamet på åtte personar har travle dagar, og dei har ikkje fått sett seg om i kommunen – det er i Bekkjarvik dei har vore.
– Fyrst og fremst er dette ein idyllisk stad å vera. Eg hadde store forventingar til gjestgjevarstaden grunna Ørjan Johannessen sin innsats i internasjonale kokketevlingar, og inntrykket eg har fått etter å ha vore her i fleire dagar er veldig godt.
Å peika ut ein favorittrett frå menyen, hadde ikkje vore rettferdig for dei uprøvde rettane, så kjendiskokken let likså godt favoriseringa liggje.
For ein tilreisande å koma til ein stad som Bekkjarvik, der ein må ta ferje eller annan båt for å komma fram, og finna ein restaurant som gjestgjevarstaden tilbyr, er unikt.
– De som bur her, er privilegerte. Det er verkeleg ei gåve å ha ein slik stad så nært, seier Hellstrøm.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.