mar 122015
 

Det var flotte tonar som kom ut av koret, her med Hugo Hevrøy i spissen.

Vegen mellom rolege songinnslag og morosame sketsjar var kort under revyen på Selbjørn skule laurdagskvelden.

Ti minutt før revyen skal braka laus kjem eg stressande inn på parkeringsplassen, med ei mor som ikkje skjønar kvifor eg kjeftar og smell.
– Eg treng å sitja framme, freistar eg å forklara henne medan eg dreg med meg kamera og blokka på snei. I full frykt for ikkje å kapra plass framme stormar eg inn døra og gjev beskjed om at eg kjem frå Marsteinen. Stressa som eg er, er eg på god veg inn bak scena, heldigvis stoppar dama i billettsalet meg. Inn kjem eg og blir møtt av nokre få personar blant publikum. Eg sit meg ned på ei – inntil då – tom fremste rekkje, og funderar over korleis eg kunne vera så stressa som eg var. Austevollingane må vera seint ute, tenkjer eg.
Musikken byrjar og eg ser meg rundt; åtte rekkjer med stolar, berre fem på kvar av dei er tekne. Under halvfull sal, fremste rad med ledige sete, korleis skal dette gå?

Ja, korleis det gjekk då ungdomsalibiet til lokalavisa var på revy, kan du lesa i Marsteinen.