mar 122015
 
Arnt Johannessen har fått tungvektaren til Norges Kokkemesteres Landsforening på pokalhylla si, og kan neste kalendarår kalla seg Årets Kjøkkensjef.

Arnt Johannessen har fått tungvektaren til Norges Kokkemesteres Landsforening på pokalhylla si, og kan neste kalendarår kalla seg Årets Kjøkkensjef.

Norges Kokkemesteres Landsforening har sendt ut den prestisje- og bokstaveleg tala tunge statuetten sin for Årets Kjøkkensjef. Adressa er Arnt Johannessen, og Bekkjarvik Gjestgiveri.

– Fortent? Jau, me har jobba hardt i mange år, så han er vel kanskje det, svarar Arnt beskjedent til Marsteinen. Prisen kan vinnast på mange enkeltståande kriterier, men som oftast i kombinasjon. Frå diplomskrivet kjem det fram at satsing på lokal forankring, bærekraftig produksjon, dyktigheit i faget og godt kollegium er viktige faktorar i årets utdeling.

Ned att på jorda
– Eg trur at å vera hyggjeleg ut i miljøet, mellom leverandørar og andre, det å ha eit sterkt fokus på kvalitet, og å ha gode eigenskapar som teamleiar og få med dei tilsette er gode kvalitetar for ein kjøkensjef, reflekterer Arnt. Heldigvis for han er landseininga samd òg, der dei meiner Arnt har utmerka seg i det å trekka merksemd til småstaden framfor å søka Michelin-stjerner i storbyane. Stå-på-viljen er noko som kjem med faget, og så lenge Arnt er i Bekkjarvik, så er han alltid litt på jobb må han innrømma.
– Eg måtte jo nyleg heilt til Sandefjord for å ha fri, ler han. Asta og Øystein Johannessen hadde allereie putta ei storslått champagne-feiring inn i kalenderen for Arnt, men så fort han fekk nyss i det sette han foten ned.
– Det vert ei uformell markering med lett tapas, og øl, fortel han bestemt, medan Asta ristar på hovudet som berre ei mor kan.

Av: Marius Løbø Fimland