mar 132015
 

renate
Framstegspartiet er klare med lista si til kommunevalet.
– Eg er særs nøgd, seier ordførar Renate Møgster Klepsvik om dei 27 namna på lista.

Renate Møgster Klepsvik, Øystein Fammestad og Olav Jarnes er dei øvste, og einaste kumulerte på lista. Deretter er det opp til veljarane å avgjera kven som skal representera Frp i kommunestyret.
Oppslutnaden ved lokalvalet i 2011 var på heile 47,1 prosent, og partiet har 10 av 21 representantar i kommunestyret i den inneverande perioden.
– Me har ambisjonar om å gjera eit godt val i år òg, og føler me har dei rette folka på lista til å gjera ein god valkamp. Me er eit styrka og sterkt mannskap som er klare for fire nye år i posisjon, seier ordførar Møgster Klepsvik.
Blant dei ni øvste på lista, er tre nykomingar. Lene Hatlevik (40), Espen Andersen (27) og Linn Veronica Persen (29) har ikkje stått på Frp-lista tidlegare.
Tidlegare ordførar og noverande stortingsrepresentant Helge André Njåstad er ført opp på ein 17. plass.
– Helge André er eit kjent namn, og stiller seg til disposisjon dersom veljarane vil ha han med. Han er motivert for ein periode til.

Her er heile lista til Frp:
1. Renate Møgster Klepsvik (f. 1974)
2. Øystein Fammestad (f. 1955)
3. Olav Jarnes (f. 1967)
4. Kjetil Østervold (f. 1972)
5. Olav Njåstad (f. 1950)
6. Lene Hatlevik (f. 1975)
7. Espen Andersen (f. 1988)
8. Jostein Blænes (f. 1949)
9. Linn Veronica Persen (f. 1986)
10. Kurt Thomassen (f. 1956)
11. Per Espen Vik (f. 1972)
12. Alfred Magne Møgster (f. 1958)
13. Nils Heine Bussesund (f. 1970)
14. Helge Andersen (f. 1949)
15. Helge Otterå (f. 1967)
16. Bodil Aase (f. 1964)
17. Helge André Njåstad (f. 1980)
18. Ingun Notnæs (f. 1944)
19. John Inge Vik (f. 1971)
20. Eivind Nyheim (f. 1982)
21. Håkon Nyheim (f. 1986)
22. Kåre Bjørn Fagerbakke (f. 1949)
23. Åge Totlandsdal (f. 1973)
24. Espen Kvitnes (f. 1974)
25. Jonny Tøkje (f. 1968)
26. Anna Oline Vatle (f. 1950)
27. Georg Kenneth Fedøy (f. 1970)