mar 132015
 
Forma til Hanne Haugland er så som så før NM i einskilddistansar i helga. Arkivfoto: Sander Hvammen

Forma til Hanne Haugland er så som så før NM i einskilddistansar i helga.
Arkivfoto: Sander Hvammen

I helga skal Hanne Haugland delta i NM-einskilddistansar i Sørmarka Arena, Stavanger. Ho skal gå distansane 500- og 1 000-meter, om alt går etter planen. Meisterskapen byrjar allereie i kveld, med 500-meter både for kvinner og menn.

Hanne var råka av kyssesjuka i vinter, noko som har vore øydeleggjande for skeisesesongen. Ho kunne mellom anna ikkje delta under World Cup, trass i at ho vart teken ut i tevlinga.
– Eg har ikkje kunna trena skikkelig sidan jul grunna sjukdommen, og har difor ikkje dei store forventingane til løpa i helga, seier Hanne til Marsteinen.
Å likevel delta, å kunna visa både for seg sjølv andre at ho framleis er med i gamet, synest ho er viktig.
– Sjølv om eg ikkje har fått trena, har eg i år vist at eg framleis er i toppen. Eg går for medalje i helga òg – det gjer eg alltid – men ser samstundes fram mot neste sesong.
Om 500-meteren i kveld vert tung for Hanne, er ho redd ho står over morgondagens
1 000-meter.
– Men eg håpar og satsar på at det går fint.
No har òg sponsoren Austevoll kommune fått logoen sin med på kleda til Hanne.
– Ja, no er dei representerte på overtrekksklede og alt, fortel ho.
Sant nok er ikkje kommunen kome på låra til Hanne enno, då logoen kjem saman med ein ny, heilt svart trikot.