mar 142015
 
Hanne Haugland må innsjå at sesongen er over etter diskvalifikasjon ved start på 500-meter. Foto: Sander Hvammen.

Hanne Haugland må innsjå at sesongen er over etter diskvalifikasjon ved start på 500-meter. Foto: Sander Hvammen.

Hanne Haugland sin skeisesesong enda med diskvalifikasjon på den andre 500-meteren i NM i går. Det betyr ikkje at idrettsutøvaren har mista trua.

– Eg trur at den neste sesongen kan bli veldig bra viss eg får trent 100 prosent. Denne sesongen sleit eg med betennelse i kne frå mai til desember i tillegg til kyssesjuka. Så har ikkje fått trent skikkelig det siste året. Held meg skade og sjukdomsfri framover, har eg god tru, seier Haugland til Marsteinen.

På den fyrste 500-meteren kom Hanne inn til tida 41,0 og ein tredjeplass. Det vart tap i samløp med gullvinnar Hege Bøkko. Ida Njåtun stilte ikkje til denne konkurransen.

– Slik sesongen har vore, har eg ikkje hatt form til å stilla i noko anna enn 500-meter, seier Haugland avsluttingsvis.