mar 162015
 

Ein mann i midten av 30-åra vart sundagskvelden funnen omkommen i hamnebassenget ved Storebø. Personen vart meld sakna i 20-tida, og vart funnen i sjøen etter kort tid, sjølv om det ikkje vart gjennomført noko formelt søk.

Lensmannskontoret melder at dei pårørande er varsla, og at mannen – som har lokal tilknyting – rutinemessig vil verta obdusert.

– Me har inga grunn til å mistenka at det har skjedd noko kriminelt, men han vil etter rutinane verta obdusert, seier lensmannsbejent Ole Petter Sælheim til Marsteinen.