mar 162015
 

brann

På ein knapp time brende tre naust ved Drønspollen ned måndagsettermiddag. Brannsjef John Levi Weløy fortel at mannskapa hans makta å berga to naust.

– Det vart meldt om at det var eit bål som kom ut av kontroll. Dette kan vera årsaka til brannen, noko patruljen vår undersøkjer no, seier operasjonsleiar Knut D. Michelsen i Hordaland politikammer til Marsteinen.
Brannen vart meldt klokka 14:30. Ein halvtime seinare vart det meldt om to nedbrende naust, med endå eitt kraftig brannskadd.

John Drønen er nabo til brannen i Drønspollen, og eig eitt av dei to nausta som brannmannskapa klarte å berga frå dei aggressive flammane.
– Flammane er akkurat sløkte, men det veltar enno masse svart røyk frå nausta, seier John Drønen på telefon til Marsteinen klokka 15:15 i ettermiddag. Hans eige naust i sørkanten av brannfeltet ser ut til å vera redda, men nabonausta har det gått verre med.
– Der brannen starta er det heilt utbrent, og dei to andre nausta er heller ikkje til å berga, seier Drønen til Marsteinen. Han fortel at det gjekk særs raskt frå brannen vart meldt til nausta stod i full fyr. På ein liten time vart dei tre sjøhusa overtende og brende ned.

Totalt var det ti personar frå det lokale brann- og redningskorpset med på sløkkearbeidet, medan «Rygervakt» òg ligg stand by.