mar 192015
 
Helsesystrene Torill Bruntveit og Ingunn Storebø rår foreldre til å halda spedbarn innanlands inntil dei er vaksinerte mot meslingar.

Helsesystrene Torill Bruntveit og Ingunn Storebø rår foreldre til å halda spedbarn innanlands inntil dei er vaksinerte mot meslingar.

Helsesystrene ber foreldre med spedbarn om å tenkja seg godt om før dei planlegg utanlandsreiser i svangerskapspermisjonen. Årsaka er dei hyppige førekomstane av meslingar i òg elles siviliserte land.

Spedbarn er den mest utsette gruppa når det kjem til meslingar. Difor meiner helsesystrene ved helsestasjonen i Austevoll, Ingunn Storebø, Torill Bruntveit og June Drønen Møgster, at foreldre bør halde seg innanlands fram til barna er vaksinerte mot viruset. Dette vert normalt gjort når barn er 15 månadar, då kroppen er i stand til å halda på vaksinen. Ved særskilte forhold, kan han setjast tidlegare.
– Ni månader er det aller tidlegaste, då ein ikkje har dokumentasjon på at vaksinen har god nok verknad før. Får barnet vaksinen så tidleg, må det likevel revaksinerast etter ei viss tid, seier Ingunn.
Meslingar er eit virus som spreiar seg hurtig i lufta.
– Er du ikkje vaksinert og er på eit fly der ein annan passasjer ber viruset, er du så og seia garantert å verta smitta, seier Torill.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.