mar 192015
 

LarsKnut
Senterpartiet vil ikkje leggja seg i daudvatnet av andre parti. Listetopp Lars Knut Aarland vil på partiet sine vegne ha meir å seia for kursen i politikken enn dei har hatt til no.

Trass i at Senterpartiet har hatt varaordførar og samarbeidd tett med Framstegspartiet, meiner partiet at dei kan få endå meir å seia i kommunestyresalen i åra som kjem.
– Me vil søkja meir innflyting enn det me har hatt i Austevoll-politikken dei seinare åra, seier Lars Knut Aarland. Han tronar på toppen av Senterpartiet si liste til hausten, der ingen av dei 16 namna er kumulerte. Akkurat dét trur han er ein fordel – partiet kan komma lettare fram enn einskildsakene.
Kampsakane er òg i ferd med å verta rulla i programarbeidet. Ei av dei er naturlegvis kampen mot kommunesamanslåing.
– Senterpartiet er så langt det einaste lokalpartiet som innbiten kjem til å kjempa mot denne reforma. Austevoll skal halda fram med å vera sin eigen kommune, slår Aarland fast. Han har vanskar med å forstå reformiveren, og viser til røynslene frå Danmark, der den store kommunereforma for nokre år sidan mellom anna ikkje førte med seg meir lokaldemokratisk engasjement, slik mange håpar større kommunar kan føra til i Noreg.

Les heile saka og lista til Senterpartiet i Marsteinen på papir eller PDF.