mar 202015
 
Norleds ferje "Ampere" er eit eksempel på ny teknologi på ferjesamband på Vestlandet. Gode krefter tek inspirasjon i Austevolls kamp for bruer for å sikra nye ferjer. Foto: Tor Arne Aasen, Samferdselsfoto

Norleds ferje «Ampere» er eit eksempel på ny teknologi på ferjesamband på Vestlandet. Gode krefter tek inspirasjon i Austevolls kamp for bruer for å sikra nye ferjer. Foto: Tor Arne Aasen, Samferdselsfoto

 

Korleis Austevoll realisete bruene sine er inspirasjon då Norsk klimastiftelse og Sparebanken vest inviterte til møte om ferjeframtida i Hordaland.

 

Miljøprofil på framtidas ferjedrift. Grepa må takast no, og fylkeskommunen som skal finansiera ferjesambanda er underfinansiert. Ein gordisk knute, vil mage hevda.

– Dette er noko me skal få til! seier austevollingen Lars Henrik P. Michelsen.

Haldninga breidde seg raskt i møtet og Norsk klimastiftelse hadde tillyst saman med Sparebanken Vest i dag.

Tilsynelatande med alle oddsa i mot seg, klarte austevollingane å skapa bruer mellom alle dei folkerike øyane i kommunen. Det er denne tankegangen Michelsen og Sparebanken meiner ein må nytta i kampen for ny teknologi og dermed meir miljøvenleg ferjedrift.

Tidlegare austevollordførar Helge André Njåstad (Frp) ghjorde greie for prosessen som førte fram til at ein nærast utopisk visjon vart realitet i øykommunen.

– No oppfattar eg det slik som at alle gode krefter – næringsliv, banken, politikarar – arbeider saman for eit felles mål, som er nye ferjer med eit ekstra fokus på miljø. No må me arbeida vidare på kvar vår front med i sikra at det vert realitet – det er dét som er austevollmodellen, seier stortingspolitikaren til Marsteinen. Han rosar i same slengen Sparebanken Vest og Norsk klimastiftelse for initativet.

– Det finst i dag ikkje noko skilje mellom miljøomsyn og næringsutvikling. Likevel må nokon tak det fyrste steget, seier Michelsen, og samanliknar med flatskjermfjernsyn. Dei fyrste modellane vert kostbare, men ein etterkvart vert prisen lågare.

– Dessutan er det store driftskostnadar å spara på overgangen frå diesel til hybrid- eller elektriske framdriftsløysingar, seier Michelsen til Marsteinen. Han understrekar òg at det finst pengar å henta ut av det offentlege systemet, dersom ein veit kor ein skal leita.

– At ein kan få midlar ut av mellom anna Enova er viktig å ha i mente når anbodsgrunnlaga skal utarbeidast.