mar 202015
 
Ragnfrid Mangor-Jensen, Anja Heggholmen og Håvard Waage toppar lista til sosialdemokraane til kommunevalet.

Ragnfrid Mangor-Jensen, Anja Heggholmen og Håvard Waage toppar lista til sosialdemokraane til kommunevalet.

Fredagskvelden fekk Arbeidarpartiet banka gjennom lista si til kommunevalet. Som ordførarkandidat tronar Anja Heggholmen, etterfølgd av Håvard Waage og Ragnfrid Mangor-Jensen på andre- og tredjeplass.

– Hovudfokuset vårt er kampen mot privatiseringa, samtykkar trioen. Dei vil òg arbeida for meir openheit og stimulera til meir demokratiske prosessar i styringa av kommunen.

Under årsmøtet sitt og det påfylgjande nominasjonsmøtet opplevde sosialdemokratane eit brennande engasjement blant medlemmane. Dette meiner dei kjem frå den klare mørkeblå kursendringa i lokalpolitikken i den siste perioden.

– Mange austevollingar har kommunisert overfor oss at dei synest dei ikkje fekk det dei trudde dei stemte på, seier Heggholmen med adresse til kommunestyret sin samansetning dei siste fire åra.

– Framstegspartiet har teke Austevoll mykje lenger til høgre enn det dei har gjort i Os, som vel òg har vore eit såkalla utstillingsvindauge for politikken deira, understrekar Kjetil Helland som står lenger nede på Arbeidarpartilista.