feb 242011
 

Har du eller nokon du kjenner fotografi, brev, dagbøker eller anna som fortel om dagleglivet i Austevoll frå omlag 1880-1910? Då vil me særs gjerne høyra frå deg. Marsteinen held nemleg på å laga eit magasin i samband med Austevoll kommune sitt 125-årsjubileum i år, og slikt stoff hadde vore særs kjærkoment.

Me er òg interesserte i bilete og historiar knytt til det gamle kommunesenteret Bakholmen.

Ring oss på 55 08 21 03 / 988 74 253 eller send e-post til redaksjonen@marsteinen.no

«Ternen» ved dampskipskaien i Vestre Vinnesvåg. Årstal ukjent/faksimilie Marsteinen 26. september 1986

  2 Responses to “Me treng di hjelp: Historisk om Austevoll”

  1. på 1880 talet var det stor protestaksjon i Kolbeinsvik. Dei ville ikkje innføra dei nye skulefaga. Dette resulterte til slutt i både friskule og frikyrkje. Kyrkja stod heilt til 1948 i Hestavik i Kolbeinsvik. Alt dette er nedskrive i protokoll fra skulen i Kolbeinsvik. Eg kan heile historien, så eg kan formidla den vidare.

    Er f.t på vinterferie.

  2. Eit Tips!
    Vil fåreslår de tar kontakt med mor mi Ruth Hatlevik, ho er 91 år og veit mykje om Storebø
    frå 1930 og framover. Ho veit også mykje om livet på prestegarden i gammel tid, fra den tida då det budde folk i «drenjastova». Ellers har ho ganske god peiling på bygda Storebø.
    Ho har telefon 56180304.