mar 272015
 

maren01
Niandeklassingane i Austevoll har hatt arbeidsveke dei siste dagane. Maren Rivenes Vik (14) har vore journalist i Marsteinen, noko som etter sigande var kjekkare enn ho hadde sett føre seg.

– Eg trudde eg berre skulle vera med dykk rundt på oppdrag, men fekk allereie fyrste dagen dra på oppdrag sjølv, seier Maren. Ho er vorte sikrare i ynskjer sitt om å verta journalist når ho vert vaksen.
– Eg har alltid likt å skriva, og synest journalist verkar som eit gøy og spennande yrke.
Intervjusituasjonar, der ho i førekant har sett seg inn i tema, lagt ein plan og notert ned spørsmål, synest Maren har vore ekstra kjekt.
– Det er òg veldig morosamt å ta bilete til sakene mine sjølv. Eg har aldri brukt eit slikt kamera før, og var spent på om eg fekk det til, seier journalistspira.

Den fyrste saka Maren skreiv, var ein reportasje frå Kolbesinvik barnehage. Saka han du lesa i Marsteinen denne veka. Her er ein liten smakebit:

Påskeharen er kvit, brun og litt rosa

_nora beate helene
I påskeferien er det duka for hytteturar, avslapping og afterski.
Men i barnehagen i Kolbeinsvik har dei eit litt anna syn på påska.

Kolbeinsvik barnehage er ikkje ein barnehage utan teori. Her kan alle barna på rams kva som hende i påska – og som var så spesielt. Lilly Blix (5) var ei som hadde høyrt etter i leksjonen.
– Krossen, så blei Jesus graven ned og seinare stod han opp igjen.
– Det hang to andre menn på krossane ved sida av Jesus, skyt Kasper Møgster Jørgensen (5) inn.
– Men berre Jesus overlevde.
Men det er vel ikkje berre det påska handlar om. Påskeegg er ein viktig ting for at påskeferien skal vera fullkomen.
– Påskeharen gjev oss påskeegg med masse godteri inni, seier Nora Beate Njåstad (5).
– Heime hos oss gjev me gåver til kvarandre også, seier Magnus Sallan (5).
Tradisjonar er ulike frå familie til familie, men ein ting gjer alle: Leitar etter påskeegga. Barna får for eksempel utdelt eit kart av ein vaksen og må så leita seg fram til skatten.

Du kan lesa saka til Maren i Marsteinen på papir eller PDF.