mar 312015
 
Jeanette Heggen og Johanna Malena Økland Nordeide ynskjer å få med fleire ungdommar på laget. AUF er for dei mellom 13 og 26 år.

Jeanette Heggen og Johanna Malena Nordeide ynskjer å få med fleire ungdommar på laget. AUF er for dei mellom 13 og 26 år.

Jeanette Heggen (17) og Johanna Malena Nordeide (16) ynskjer betre kollektive tilbod for dei unge austevollingane. No etablerer dei eit AUF-lag i kommunen.

Idéen om å byggja opp eit lokallag er ikkje eldre enn nokre veker gamal, men allereie i helga var dei to ungdommane på lokalstyresamlinga i Folkes hus i Bergen, der dei fekk gode råd til korleis dei kan starta eit lokallag.
– Det møtte me andre som skal etablera AUF lokalt, som mellom anna Os, og nokon som hadde starta laget sitt i fjor. Fylkesstyret er veldig behjelpelege på vegen, seier Jeanette.
Jentene skal ha ein stand på skulen sin, Austevoll vgs, der nyfikne medlevar kan spørja dei ut.
– Dei unge treng ei stemme i Austevoll, meiner jentene. For politikk er ikkje berre øyremerka dei vaksne.
– Me vil jobba for saker som omhandlar unge, som til dømes busstilboda. I helgene, når ungdom fyrst har fri og vil bruka bussane, så kunne dei i det minste gått når me er vakne, seier Jeanette med eit stikk til dei grytidlege avgangane.

Engasjerte
Både Jeanette og Johanna er jenter som har engasjert seg i fleire år. Om ikkje nett politisk, så har vore med i MOT, elevråd eller Mobbegruppa ved ungdomsskulen.
AUF står får Arbeidernes Ungdomsfylking, og er ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet. Kvifor var det akkurat AUF dei fell på?
– Eg har lese ein del om dei ulike ungdomsorganisasjonane, og fann ut at AUF dekka mykje av det eg står for. Ein idé om at alle er like mykje verd, og at høve til utdanning ikkje gå på lommeboka til foreldra dine. At det ikkje kostar med sjukehusopphald er òg positivt, seier Jeanette. Johanna hadde lenge hatt eit bilete om at politikk er noko dei vaksne syslar med, men etter lokalstyresamlinga i helga vart ho meir sikker på at AUF var den rette arenaen for henne.
– Miljøet, skulen, vegen, helsetenesta – alt rundt oss er politikk. Og me unge har faktisk noko me skulle ha sagt, seier ho.