apr 082015
 
Lensmannskontoret ved politibetjent Ida Solvang og politifyrstebetjent Jostein Bjånesøy etterlyser både bilførar og vitne etter trafikkuhellet i går, der ei jente på seks år vart påkøyrt.

Lensmannskontoret ved politibetjent Ida Solvang og politifyrstebetjent Jostein Bjånesøy etterlyser både bilførar og vitne etter trafikkuhellet i går, der ei jente på seks år vart påkøyrt.

Politiet etterlyser augevitne etter at ei jente på 6 år vart påkøyrt på hovudvegen over Storebø tysdag etter skuletid.

 

Føraren av køyretøyet som trefte jenta, skal ha stogga raskt og spurt om ho var i orden, for deretter å køyrt vidare frå ulukkesstaden ved Medle på Storebø.

– Dette held ikkje. Ein kan ikkje rekna med at ei grinande jente på seks år skal kunna gjera greie for seg etter ei slik hending, seier politifyrstebetjent Jostein Bjånesøy til lokalavisa. Politiet ynskjer no hjelp frå vitne til hendinga og ikkje minst at bilføraren sjølv melder seg til politiet.

Jenta kom seg heim ved eiga hjelp, og vart i dag tidleg sendt til legevakta for ein vidare sjekk.

– Me veit enno ikkje statusen hennar, fortel politimannen.

Jostein Bjånesøy meiner at hendinga understrekar at det trengst fleire fotgjengarovergangar på den trafikkerte vegen over Storebø.