apr 092015
 

ruth01
Ruth Larsen har skrive både kryssord og ei masteravhandling om kommunar. Det var sistnemnde som gjorde at ho fatta interesse for arbeidet som kommunalsjef i Austevoll.

Under den omstridde Terra-skandalen i 2007 arbeidde Ruth Larsen for Haugesund kommune. Kommunen var ein av fleire som hadde lånt store pengesummar med sikkerheit i framtidige kraftinntekter og investert desse i fond med høg risiko i USA, for så å missa det meste då finanskrisa slo inn for fullt. Den politiske leiinga i Haugesund vart, lik som i dei andre kommunane, nærast kjeppjaga av media og innbyggjarane.
– Det var ordentlege hets-kampanjar, og mange meinte politikarane og administrasjonen var inkompetente. Men det var ikkje direkte noko gale med kompetansen til nokon, derimot ufatteleg mange tilfeldigheiter som slo negativt inn.
Det var berre éin ting som kjendes rett for kommunikasjonsrådgjevaren Ruth. Alle korta måtte på bordet, alle lik ut av skapa. Politikarane måtte leggja seg flate – det var den einaste måten ein saman kunne koma seg vidare frå krisa på, og byggja opp att tilliten.
I ei eige avis, distribuert til alle husstandar i Haugesund, vart heile historia til kommunen knytt opp mot Terra-saken gjort greie for. På framsida var det bilete av ordføraren og eit handskrive brev frå han til folket. «Unnskyld» stod med store bokstavar på side to og tre, saman med bilete av heile formannskapet.
– Kravet mitt for å laga denne avisa, var at ingen skal kunna ta oss på at noko vart helde skjult.
Suksessen med informasjonen, er at ordføraren vart trudd. Han vart gjenvalt under lokalvalet etter avisa kom.

Driven på tid
All granskinga Ruth hadde gjort i Haugesund, var for grundig til å legga frå seg etter avisa var sendt ut.
– Eg bestemte meg for å bruka alt eg hadde lært til å skriva ei masteravhandling i statsvitskap. Difor flytta eg til Bergen att, og tok masteren ved UiB, institutt Administrasjon- og organisasjonsvitenskap.
Frå heimen i Mulen ved Sandviken kunne Ruth stort sett spasera dit ho trengte, noko ho i grunnen alltid hadde likt å kunna gjere. Å få seg arbeid ein stad der ho måtte setja seg bak rattet for å komma fram, var eigentleg ikkje aktuelt – heilt til stillinga som kommunalsjef i Austevoll, med ansvar for plan- og byggjesaker, helseservicekontor, brannvern, UDV og næring og kultur dukka opp.

Møt Ruth Larsen i spalta Pendlaren denne veka.