apr 092015
 

Venstre
Bjarte Haugland og Bjørn Magne Hufthammer vil ha eitt eller to stolar til Venstre i kommunestyresalen etter valet. Betre vegar og integreringstiltak er blant sakane dei brenn for.

Duoen som tronar øvst på Venstre si liste til kommunestyrevalet til hausten meiner at partiet sine verdiar tufta på liberalismen òg høyrer heime i den austevollske politiske landskapen.
– Eg vil hevda at me faktisk er det einaste partiet som er skikkeleg forankra i liberalismen her i Noreg. Lokalt vil me òg kunna sjå på miljøaspekta, seier Bjørn Magne Hufthammer, som sist sette sine bein i kommunestyresalen for åtte år sidan. No vonar han og partikollegaen på ein fornya sjanse.
– Fyrsteprioriteten vår er å arbeida knallhardt for at det vert forbetra veg over Storebø til Eidsbøen. Rett nok er det ein fylkeskommunal veg, men når trafikken er stor som i ein middels småby må noko gjerast – raskt, seier Bjarte Haugland og etterlyser større politisk fokus på den mest trafikkerte vegstubben i Austevoll.
– Eg vert nærast redd når eg køyrer forbi Storebø skule like for klokka ringjer inn for dagen. Tungtrafikk, bussar, foreldre, syklistar og fotgjengarar, strekar Haugland under. Sjølv var han nummer to på Venstre-lista ved førre val, og vart målt i slengjarar den nest mest populære kandidaten ved valet – etter Helge André Njåstad (Frp). Partiet i seg sjølv fekk likevel ikkje nok stemmer til å nå heilt til kommunestyret.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.