apr 102015
 
IMG_0198

Ragnhild Gjefsen er spelleiar under Home Visit: Europe, som skal ha to framsyningar i austevollske stover. Foto: Andreas Langenes

Framsyninga Home Visit: Europe er ikkje noko du må trekkja til teaterscena for å oppleva. Tvert om. Spelet går føre seg heime i stovene til private personar. Under Festspillene i Bergen kjem dei til Austevoll.

På kontinentet er det allereie ein populær seanse, og 5. juni vert det høve til to framsyningar her i Austevoll. Til det trengst tilsvarande husvertar.
– Det einaste kravet til vertane, er at dei må ha plass til 15 personar rundt eitt eller fleire bord i stova, seier spelleiar Ragnhild Gjefsen. Kvar av vertane får sjølv invitera to gjestar om dei ynskjer det, medan utøvarane sjølve tel to. Dei resterande ti plassane vert selde som vanlige billettar på Festspillene i Bergen sine nettsider. På sida finn ein òg informasjon om korleis ein vert vertskap. Som vert stiller du berre stova til disposisjon, alt det praktiske rundt arrangementet tek arrangøren seg av.
– Me skal ha 25 framsyningar i 25 ulike heimar fordelt på Bergen, Sotra, Indre Arna og Austevoll. Dei andre stadane er så og seia i boks – i Bergen var det fylt opp tidleg, seier Ragnhild, som skal leia spelet under alle heimebesøka. Ho arbeidar ved BIT Teatergarasjen, som saman med Festspillene i Bergen co-produserar framsyningane på Vestlandet. Det er Rimini Protokoll, eit velkjend, tysk ensemble, som står bak Home Visit: Europe.

Låg terskel
– Det er nok meir ei iscenesett samtale enn eit teater. Det fungerer litt som eit selskapsspel, seier Ragnhild. Ein koffert vert lagt på stovebordet, og ut frå denne vert det henta oppgåver og verktøy ein treng undervegs. Europa står sentralt, og idear om verdsdelen vert belyst gjennom avstemmingar og enkle, gøyale oppgåver.
Ragnhild slår fast at det ikkje er noko quiz eller kunnskapskonkurranse, og ein må heller ikkje ha teatralske ferdigheiter for å delta.
– Framgangen, dramaturgien, er allereie sett. Han vert likevel ulik kvar einaste gong, då aktørane er forskjellige.
Framsyninga varar i om lag to timar.
– Dette er ein gylden moglegheit for å oppleva noko unikt, seier Ragnhild.

Av: May Linn Clement