apr 162015
 

Hovudbilete
Målfrid og Jostein Bjånesøy bur midt i smørauga på Storebø, fridagane og feriane blir som oftast brukt på den 49 kvadratmeter store hytta nokre få kilometer unna.

Det er blikkstilt på sjøen. Båten sklir gjennom den lange blåmyra. Bak anlegget til Kobbevik og Furuholmen, nokre steinkast før Husavik, står to blide austevollingar og vinkar frå hytta si i Bratta.
– Velkomen, velkomen, seier Jostein når båten kjem sigande inn til vika der ei lys og fin hytte er hovudfokuset. Fram finn politifyrstebetjenten – no i sivil – to store blåser som eg kan få nytta under opphaldet.

Bli med Marsteinen på vitjing til Jostein og Målfrid Bjånesøy si ferieperle i eigen kommune.