apr 162015
 

I dag mottok dei 27 foreldra som i mars sendte klage på omgjeringa av det siste vedtaket i skulesaka svaret frå fylkesmannen i Hordaland. Han avviser klaga, då han meiner det ikkje er eit einskildvedtak.

Då vedtak 005/15 frå kommunestyremøtet i februar ikkje vert rekna som eit einskildvedtak, er det ikkje høve å klaga på den seinare omgjeringa av vedtaket (sak 031/15). Dette kjem fram i svaret fylkesmannen sender klagarane, som er 27 foreldre til elevar ved Kolbeinsvik skule.
I vurderinga si av klaga, velde òg kommuneadministrasjonen å avvisa denne, av den grunn at vedtaket frå februar var eit prinsippvedtak og ikkje eit einskildvedtak.

Her kan du lesa både klagen og svaret frå fylkesmannen:
klage_på_omgjering
Vedk. klage på omgjering av vedtak. (L)(212566)