apr 202015
 
Skulegruppa frå Sjøliv barnehage har i dag vore på politi-visitt på Storebø. Her er Jenny sett i handjern av politikvinna Ida Solvang.

Skulegruppa frå Sjøliv barnehage har i dag vore på politi-visitt på Storebø. Her er Jenny sett i handjern av politikvinna Ida Solvang.

Skulegruppa i Sjøliv barnehage på Hundvåkøy har denne månaden trafikk som tema. I dag fekk dei oppleva kva som kunne skje dersom ein ikkje retta seg etter trafikkreglane, då dei vitja sjølvaste onkel politi på Storebø.

Handjerna var ikkje langt vekke då dei 19 barna førskulebarna frå Havørn-basen møtte lensmann Per Nordstrand og politikvinna Ida Solvang i dag. Om så temaet trafikk var underliggjande for besøket, var barna mest opptekne av konsekvensane for lovbrot: Kvar er fengselet? Og kan eg få handjern?
– Eg er ikkje redd for å komma i fengsel, då tek eg berre ei øks og hogg meg ut, sa ein fem år gamal luring.
På tur fekk alle sitja på fanget til politikvinna i førarsetet, og somme prøvde òg sirenene og blålysa.
– Eg vil verta politi, men eg vil vera det heime, og ikkje her, sa Joakim Lund Sivertsen (5).
– Kvifor ikkje her, då?
– For eg trur ikkje dei har kjøleskåp her, svara han. Sjølvsagt.
For å verta politi, må det rette utstyret på plass. Joakim har planen klar. Han skal enten lokka pappa med seg i leiketøysbutikken når han kjem heim, eller han skal ynska seg uniform til bursdagen som er etter like sommaren.
– På leketøysbutikken har dei ekte uniform, og ekte handjern. Då kan ein fanga ekte tjuvar, slike med striper.


 

Send bilete frå desse nydelege vårdagane til Marsteinen på e-post redaksjonen@marsteinen.no, innan i morgon (tysdag) klokka 14.00. Alle som får bileta sine på trykk, får eit Flax-lodd i posten.