apr 212015
 
Odd Nordstoga kjem til Bekkjarvik i juni - endeleg fast fisk for arrangørane på Bekkjarvik gjestgiveri. Pressefoto.

Odd Nordstoga kjem til Bekkjarvik i sommar – endeleg fast fisk for arrangørane på Bekkjarvik gjestgiveri. Pressefoto.

Odd Nordstoga er endeleg fast fisk for konsertarrangørane i Bekkjarvik. I slutten av juli kjem han til hamna sør i Austevoll, noko dei lokale arrangørane gler seg storleg over.

– Me har prøvd fleire år å få til ei avtale med denne flotte artisten, men det har ikkje passa med datoane. Så me er særs glade for at det er Nordstoga som skal på scena under sommerkonserten i år – han er ein særs dyktig musikar og med sjangeren i kryss av populærmusikk og tradisjonell folkemusikk, endatil på nynorsk, det vakre språket – passar han heilt perfekt inn på kulturscena i Bekkjarvik, seier Vibeke Møgster til lokalavisa. Formelt sett er det Bekkjarvik gjestgiveri som står som arrangør for sommarkonserten.

I desse dagar avsluttar Nordstoga innspelinga av det sjuande studioalbumet sitt i Havnelageret i Bergen.