apr 232015
 

ukm mathias
Thea Gloppen (14) og Mathias Henriksen Herland (13) er begge med vidare til landsmønstringa i Ungdommens kulturmønstring. I juni dreg dei til Trondheim for fyrste gong.
ukm Dam1
Thea teiknar og Mathias syng, men ein ting gjer dei begge; dei brenn for lidenskapen sin.
– Eg elskar å teikna, og teiknar stort sett kvart einaste dag, seier Thea. Ho melde seg på UKM i Austevoll med blyantteikninga Dam1, og juryen valde i januar å senda henne vidare til fylkesmønstringa i Bergen. Same leia gjekk det for Mathias Herland, som med ei stor røyst framførte Lost av Anouk.
– Eg hadde ikkje forventa å gå vidare frå Austevoll eingong, og fekk sjokk då dei ringte frå UKM på tysdag og sa at eg var vidare til Trondheim, fortel Mathias over telefon frå Selbjørn skule, der han er elev i sjuandeklasse. Mathias fylte 13 år for ikkje så lenge sidan, noko som gjorde at han akkurat var gamal nok til å koma vidare til landsmønstringa. Han er den einaste 13-åringen som er vidare frå Bergen.
Berre tre musikalske innslag og fire under kategorien kunst skal representera Hordaland under landsmønstringa.
thea gloppen
God oppleving
Dette er fyrste gong både Thea deltek i UKM med biletkunst og Mathias med song. Dei har begge mykje godord å seia om mønstringa.
– Fylkesmønstringa på Verftet i Bergen var eit skikkelig bra opplegg, med workshop-ar og framføringar heile tida. Arrangementet er sosialt, og legg opp til at du vert kjent med fleire deltakarar, seier Thea.
Mathias, som var ganske nervøs før songinnslaget sitt, følte seg godt teken vare på av UKM-folket.
– Eg har litt sceneskrekk og er ein audmjuk person, og fekk god støtte av spesielt ei som heiter Mariann. Opplevinga mi i UKM er kjempegod, fortel han.
Ingen av mønstrarane har vore i Trondheim før, og ser med spaning fram til landsmønstringa i juni.

Av: May Linn Clement