apr 232015
 

Humanistar_vedstammen
Til helga allereie vert dei fyrste konfirmasjonane helde. Nokre vert å konfirmera seg humanistisk, medan andre i kyrkja.

Anne Sofie Veivåg Hegerland, Pernille Solbakken Ringdal, Ingrid Sele og Andrea Hufthammer er alle konfirmantar i år. Det som er ulikt er korleis dei konfirmerer seg. Til helga skal dei alle ha ein seremoni, utanom Ingrid som konfirmerer seg i pinsekyrkjelyden neste helg. Alle saman er klare og einige om kva som vert det kjekkaste under feiringa.
– Besøket og at alle slektningane samlast, svarar dei alle omtrent i kor.

Les om dei ulike retningane – som på mange måtar er ganske like – i Marsteinen denne veka.
IMG_2694