apr 232015
 
M/F "Sundferja" har trafikkert Husavik - Sandvikvåg frå 17:15-turen onsdag denne veka. Om M/F "Fosen" ikkje vert klar på verkstaden, kan ein risikera at ho vert sett inn att sundag.

M/F «Sundferja» har trafikkert Husavik – Sandvikvåg frå 17:15-turen onsdag denne veka. Om M/F «Fosen» ikkje vert klar på verkstaden, kan ein risikera at ho vert sett inn att sundag.

M/F «Sundferja» kan etter det Marsteinen erfarer bli sett innatt i rute mellom Husavik og Sandvikvåg sundag. På fredag og laurdag vil M/F «Heilhorn» trafikkera sambandet som normalt.

M/F «Selbjørnsfjord» si grunnstøytting har skapt vanskar for reiarlaget Fosen Namsos Sjø. M/F «Heilhorn» trafikkerer no Halhjelm – Våge, og vesle M/F «Sundferja» går mellom Husavik og Sandvikvåg, med ein kapasitet på berre 16 personbileiningar. Fredag er det attende til vanleg drift på sambandet, men på sundag kan ho vera på plass att.

– I løpet av morgontimame fredag vil M/F «Gulen» gå inn i ruta Halhjem – Våge. Fredag og laurdag planleggjer me at «Heilhorn» skal trafikkera den ordinære ruta si mellom Husavik og Sandvikvåg, seier administrerande direktør Grete Fuglem Tennås hos Fosen Namsos Sjø. Etter den tid er rutetilbodet avhengig av når MF «Fosen» er attende frå det årlege verkstadsopphaldet sitt.

– Det er i skrivande stund ikkje mogleg å stadfesta når ferja er tilbake i rute. Når ho blir ferdig, vil ho gå inn i si rute og MF «Marstein» betjene Halhjem – Våge inntil MF «Selbjørnsfjord» er tilbake, seier Fuglem Tennås.

B-ferja på Huftamar – Krokeide vert uansett ikkje sett inn i ruta før «Selbjørnsfjord» er klar.