apr 272015
 

Skjermbilde 2015-04-27 kl. 15.04.29

Bru kan erstatta ferjer – òg på fylkesvegssambanda. Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) signaliserer nye reglar frå og med neste år.

 

Høgre sitt landsmøte sende eit par rett så smakfulle karamellar i retning Austevoll i helga. Kanskje viktigast var det Jan Tore Sanner i tala si til delegatane slo fast at innsparde ferjesubsidiar på fylkesvegsferjer kan inngå i finansieringa av brusamband i framtida.

– Langs kysten vår er det mange som ynskjer å erstatta ferjer med bru eller tunnel. No føreslår me at fylka kan bruka dei pengane dei i dag nyttar på ferjer, til å investera i bruer og tunnelar, sa kommunalminister og nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner.

I korte trekk kan denne ordninga, der ferjesubsidiar for 30 år går inn i brufinansieringa, bety ein milliard kroner til prosjektet med bru over Langenuen.