apr 272015
 
Frode Storebø og AIK tok ein grei siger på utebane i kveld. Foto: Snorre Bang Utaker/Bygdanytt.

Frode Storebø og AIK tok ein grei siger på utebane i kveld. Foto: Snorre Bang Utaker/Bygdanytt.

Austevoll fekk med seg tre nye poeng etter 3-0 på framand gras i Arna måndagskvelden. Kvitrøyene (!) tok leiinga allereie i det andre minuttet ved Tord Harald Skår, før Heggestad sette eitt mål på kvar side av kvila.

Dermed ein på papiret solid siger. Gamletrenar Øyvind Pedersen meiner laget enno har meir å gå på.

– Austevoll har eit veldig solid midtstopparpar i Alexander Dale og Øystein Storebø, og for meg er dei dagens beste for AIK. Likevel kunne heile laget fått endå meir ut av kampen. Dei gløymer å kvila med ballen, og dei får ein del oppjaga balltap etter føring av ball som ikkje er naudsynt, seier Pedersen til Marsteinen like før slutt i oppgjeret.