apr 302015
 
Frode Storebø klarte ikkje å utretta særleg med ballen i beina mot eit solid Lyngbø, som tok tre særs velfortente poeng med seg over Krossfjorden.

Frode Storebø klarte ikkje å utretta særleg med ballen i beina mot eit solid Lyngbø, som tok tre særs velfortente poeng med seg over Krossfjorden.

 

Austevollherrane var nestbest i alle spelet sine fasar då dei tok i mot Lyngbø torsdagskvelden. Sluttresultatet på 0-2 gav eit heilt rettvist bilete av kampen.

Tord Heggestad og kompani klarte knapt å testa Edvard Larsen i Lyngbø-målet i løpet av kampen, medan det vart mykje for AIK sitt midtstopparpar å ta tak i. AIK var svake på midten, og merka i denne kampen fråværet av kaptein Inge André Rabben ekstra godt. Rettnok fekk han prøva seg som innbyttar, men slo til alt overmål opp skaden sin i fyrste duellen han var involvert i.

Målscorarar for Lyngbø vart Christian Heimark etter 5o minutt og Steffen Hopsdal etter 56. Sistnemde hadde òg ei avslutting i metallet på stillinga 0-1, medan Tom Andre Axland bomma på ope mål tidlegare i kampen.

AIKs beste for dagen var alle i det bakerste leddet ved Alexander Dale, Øystein Storebø og back Henrik Melingen.