mai 072015
 

snakkast01
Vegane må rustast opp, men kven skal ta rekninga? Klåre meiningar både for og imot bompengar var essensielt under debatten på biblioteket.

Bru over til Rekstern og tilknyting på E39 vart plassert i høgsetet i introduseringane til Lars Knut Aarland (Sp), Renate Møgster Klepsvik (Frp) og Morten Storebø (H), medan betre ferjemateriale var essensen hos ferjekaptein Salomon Morten Fagerbakke, Anja Heggholmen (Ap) og Geir Angeltveit (V).
Mandana Zadeh frå organisasjonen Bærekraftige Liv Austevoll reagerte på at fokuset hos dei andre paneldeltakarane i introrunden låg på samferdsla ut av kommunen, og ikkje på vegane, gang- og sykkelstiane i sjølve kommunen.
– Ingen av dykk nemner sykling her!
Ordføraren sa ho hadde kika på innspela til trafikksikringsplanen som hadde frist 30. april, og at det her er mange innbyggjarar som ynskjer utbetring av tilhøva til mjuktrafikantane. Angeltveit responderte med at Venstre vil byggja gang- og sykkelvegar over heile fylket.
Trafikksikringsplan eller ei, ting tek tydelegvis tid. Inger Anne Mortvedt var den fyrste med innlegg frå publikum.
– I 15 år har eg arbeidd for å få eit gangfelt over hovudvegen ved Tuo på Storebø. Her bur mange småbarnsfamiliar. Her har det vore fleire ulukker, sist for eit par veker sidan vart barnebarnet mitt påkøyrt i dette området. Eg er sjølv blind, og kan stå ved vegen med førarhund og kvit stokk lenge utan at ein einaste bil stoggar. Det må gjerast noko for mjuke trafikkantar! Eg kan ikkje fatta at det skal kosta så mykje at det tek 15 år før eit gangfelt kjem på plass!

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.