mai 072015
 
Bosse Litsheim møtte tilfeldigvis Jan Eggum i Venezia. Det eine førte til det andre, og i august spelar Eggum på Møkster. Foto: Privat.

Bosse Litsheim møtte tilfeldigvis Jan Eggum i Venezia. Det eine førte til det andre, og i august spelar Eggum på Møkster. Foto: Privat.

Programmet for den fjerde maratonen på Møkster byrjar å flaska seg. Når løpa er ferdige og pulsen på veg ned att, er det den folkekjære trubaduren Jan Eggum som står for underhaldninga.

Det var mannen bak heile maraton-idéen på Møkster, Bosse Litsheim, som tilfeldigvis kom over Jan Eggum på ein studietur til Venezia i fjor. Der sådde han det fyrste frøet som no resulterer i at Eggum og gitaren hans kjem til Møkster 1. august.
– Me er veldig, veldig glade for å få Jan Eggum på plakaten i år. I mine augo er han blant dei beste artistane me har i Noreg, og han appellerer til eit breitt publikum, seier Mona Mørk i arrangementskomiteen. Sistnemnde er spesielt viktig når dei jaktar på artistar. Maratonen heilt i vest har til no hatt deltakarar frå under to år i barneløpet, til over 80 år i den nautiske løypa – så lenge du kan gå, er det altså rom for å delta – og konserten har heller ikkje hatt noko aldersgrense.
– Møkster maraton skal vera eit familiearrangement der livskvalitet står sentralt. Løping saman med kulturelle innslag, er visjonen som har vist seg å vera særs positiv, seier Mona. Bosse her heilt samd.
– Me har lyst å laga den mest eksotiske opplevingsmaratonen i verda. Me ynskjer å skilja oss ut.
Dei vonar begge at fleire austevollingar tek turen i år, anten med eigen båt eller med båttaxien som vart sett opp for høvet. Dessutan er det overnattingsmoglegheiter både hos private og i telt.

Unike opplevingar
På Møkster kan deltakarane anten melda seg på fullmaraton (ei løype på 4,2 kilometer som vert repetert ti gongar) eller nautisk maraton (4,2 nautiske mil, altså nærare åtte kilometer). For dei yngste er det eit eige barneløp.
– Heile arrangementet ber preg av god dugnad, startnummer og plakatar er heimelaga og maten er fantastisk god. Røynde maratonløparar er ikkje vane med slikt frå andre tilsvarande arrangement, og det er nok difor me får dei gode attendemeldingane me gjer òg, seier Bosse. Han trur at dei med rett marknadsføring på sikt kan klara å rekruttera internasjonale lauparar til Møkster.
– Slike opplevingar er folk rundt om i heile verda interesserte i.
At ikkje maratonen er lagt opp for tusenvis av utøvarar, gjer det òg unikt. Den øvre grensa på fullmaraton er 50, medan dei på nautisk maraton kan ta opptil 100 personar.

Heidersgjest
Til kvar av maratonane er ein heidersgjest invitert. Dette skal vera ein person som representerer ein prestasjon anna enn berre raske tider. I år er heidersgjesten Malin Frøyen Bergset (47). Ho vart fødd med ryggmergsbrokk og sidan har gjennomgått 24 operasjonar knyt til rygg, hofter og leggar, noko som har ført til eit liv i enorme smerter. Legar har fråråda henne å trena, men for nokre år sidan trassa Malin råda. Ho har vist at det stikk motsette fungerer best for henne.

Av: May Linn Clement