mai 072015
 

Order Venice Fresh Seafood
Når Heimalaga opnar i Storebøportalen i juli, vil dei ha fersk fisk fanga av lokale fiskarar i utsalsdisken sin.

Det var tre glade kokkar som førre veke fekk den endelege godkjenninga frå Fiskeridirektoratet. Som einaste utsalsstad i Austevoll får Heimalaga vera sitt eige vesle mottak, og kjøpa fisk frå lokale fiskarar til å by kundane sine.
Lene Søreide, Anne Hauge og Kristian Stangeland gler seg over å kunna tilby kundane fersk fisk frå disken, og produkt laga av dei gode råvarene.
– Det vert fantastisk for oss å kunna bruka dei lokale fiskarane her, og fleire har allereie meld frå om at dei ynskjer å levera til oss, seier Søreide.
Med direkte kontakt med fiskarane sjølve, meiner ho det vert enklare for dei å ha kontroll på kvaliteten og garantera fersk fisk til kundane.
– Lagar du fiskekaker, til dømes, må fisken vera fersk. Ein finn snart ut om fisken du har kjøpt og som skulle ha vore fersk, har lagt nokre dagar.
Sjølv om det er fisk i havet rundt oss, er det mange som ikkje har moglegheit for å henta han opp or havet sjølv.
– Dette er noko eg sjølv har sakna veldig, å kunna handla to porsjonar breiflabb med meg heim.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.