mai 082015
 
Bru over Langenuen er endå eitt steg nærare dersom Stortinget vedtek ferjeavløysingmidlar på heile 40 år som ein del av finansieringa.

Bru over Langenuen er endå eitt steg nærare dersom Stortinget vedtek ferjeavløysingmidlar på heile 40 år som ein del av finansieringa.

Dei borgarlege partia på Stortinget er innstilte på å auka ferjeavløysingsperioden for nye bru- og tunnelprosjekt frå 30 til 40 år.

Kommunalkomitéen sin leiar Helge André Njåstad (Frp) er strålande nøgd med å ha sikra politisk fleirtal for brufinansieringa.

– Ynskja våre om ei bru over Langenuen vert langt lettare å realisera med ferjkeavløysingsmidlar på 40 år, kommenterer Njåstad til Marsteinen.

I beste fall kan det bety anleggstart allereie i 2019.