mai 082015
 

frigj02
På Trolandshamar skule markerte tredjeklassingane frigjeringsdagen med å invitera foreldre, besteforeldre og alle andreklassingane til framføring av dikt, song og skodespel i gymsalen.

Det er RLE- og musikklæraren til klassen, Ingrid Njåstad, som har førebudd niåringane på markeringa.
– Det byrja med at me snakka om at det var 70 år sidan krigen var over. Då byrja barna å rekna på kor gamle besteforeldra og oldeforeldra var den gongen.
Skodespelet handla om ei jente i 2015 som snakkar om 17. mai saman med farmora si, som hugsar den forbodne feiringa under krigen. Utkledd i lusekufte, eit svært skjerf og ein kritkvit parykk, var det lett å sjå kven som skulle vera farmora. Medan flagg og finklede i dag er allmenneige på nasjonaldagen, kunne ein koma i fengsel berre ved bera ei lita sløyfe i raudt, kvitt og blått under krigen.
– Eg hugsar den fyrste 17. mai-feiringa etter krigen. Mor lagde ein kjole til meg av nokre gamle gardiner, og eg følte meg kjempefin! Men ein ting er heilt likt i dag som då, og det er nasjonalsongen vår.
Alle i salen reiste seg og stemte i, men sant skal seiast; tydlegast var ljomen frå dei 16 tredjeklassingane. Òg då dei song Henrik Wergeland sin Vi ere en nasjon, vi med, eller Småguttenes nasjonalsang, måtte publikum sjå forbausa på kvarandre. At niåringane har klart å læra seg alle versa utanåt, var imponerande. Nordmannen av Ivar Aasen sat òg som spikra i dei unge stemmerøyra. Klassestyrar Jon-Christen Melingen Alvsåker var full av vørnad over det elevane hadde makta å øva inn dei siste vekene.
Etter den kulturelle seansen, fekk publikum servert kaffi, saft og kaker av utøvarane.
frigjer01