mai 082015
 
Endeleg vart det fullklaff i eit stort meisterskap for bakkasundaren Heidi Hille Arnesen. Dermed kunne ho stilla seg øvst på sigerspallen. Arkivfoto: Stian Jensen.

Endeleg vart det fullklaff i eit stort meisterskap for bakkasundaren Heidi Hille Arnesen. Dermed kunne ho stilla seg øvst på sigerspallen. Arkivfoto: Stian Jensen.

Heidi Hille Arnesen (45) frå Bakkasund tok fredag den aller gjevaste medaljen i kvinnenes EM i styrkeløft i tyske Chemnitz i vektklassen – 84.

Med serien 240 (knebøy), 145 (benkpress) og 220 (markløft) var det siger, med totalsummen 605 poeng. Sølvmedaljen gjekk til lagvennina Inger Johanne Ruud.

– Eg har heldt på med dette i 15 år, og alltid har ein draum om å vinna samanlagt gull. Ingenting var avgjort før det siste løftet, og då den ukrainske motstandaren bomma, kom tårene, seier ei særs lukkeleg Heidi på telefon frå Tyskland. Frå før er ho grossist i sølv- og bronsemedaljar frå store meisterskap.

– Det er utruleg mykje hardt arbeid som er lagt ned i dette. Det er ubeskriveleg deileg å ha nådd målet, seier Heidi som har justert tekikken før meisterskapen i år.