mai 142015
 
Andreas Lunde tek ballen i sikkert grep, medan Tord Harald Skår fell etter å ha vore i knallhard duell med Eirik Skjelten Dalhus. Frode Storebø kan berre sjå på.

Andreas Lunde tek ballen i sikkert grep, medan Tord Harald Skår fell etter å ha vore i knallhard duell med Eirik Skjelten Dalhus. Frode Storebø kan berre sjå på.

Austevoll måtte ha hjelp av ein gavmild dommar for å scora mot Loddefjord i dag, i ein kamp der AIK sitt spel handla om einskildspelarar heller enn å få i gang lagmaskineriet.

Etter to AIK-treff i metallet og ein særs god keeperprestasjon av dagens bestemann på Eidsbøen, Loddefjord-målvakt Andreas Lunde, stod det 0-0 til pause. Etter kvila kom bortelaget meir med i spelet den fyrste halvdelen av omgangen, før austevollingane atter ein gong var på offensiven. For mykje handla om Tord Harald Skår og Frode Storebø sine soloprestasjonar, men då Alexander Dale fekk komma seg til daudlina, slått ut i 45 grader og Storebø falt om i feltet, vart det høve frå Skår frå straffemerket. Ingen feil og AIK i leiing.

Likevel var det lite å seia på at Morten Urdal sitt knallskot frå distanse duppa inn bak Sarunas Kazlaukas med om lag ti minutt att å spela. Begge laga gjorde det dei makta for nettkjenning i sluttminutta, utan teljande resultat.

Blant austevollingane utmerka mellom andre Martin Veivåg seg positivt den fyrste timen.