mai 152015
 
Hjerteslag glei rett inn i Drengastova. Frå venstre: Nikolas Jon Aarland, Petter Sætre, Robbie Lie Eidevik, Torjus Raknes og Ole André Hjelmås.

Hjerteslag glei rett inn i Drengastova. Frå venstre: Nikolas Jon Aarland, Petter Sætre, Robbie Lie Eidevik, Torjus Raknes og Ole André Hjelmås.

Dei gjorde i alle fall éin ting rett, publikum som kom seg til Drengastova fredagskvelden. Hjerteslag bør nemleg opplevast.

– I går spilte vi på Parkteateret i Oslo, men dette er bare så mye fetere! proklamerte vokalist Robbie Lie Eidevik frå scena – som for hans del var på golvplanet saman med gitarist Nikolas Jon Aarland, bassist Ole André Hjelmås og dei rundt 50 publikummarane som fann vegen til rockestova på Storebø då klokka tikka mot midnatt fredagskvelden.
Dei som hadde høyrt seg opp på bergensbandet før konserten, kunne umogleg verta skuffa. Bandet heldt ikkje noko attende, og framførte så nær som heile det utgjevne repertoaret sitt.

Les heile omtala i Marsteinen på papir eller PDF.

Retting: I avisa står det at Romvesen var opningsnummeret under konserten. Det er feil. Hjerteslag opna med Sammen Alene.