mai 182015
 
"Haugagut" skal døypast i Torangsvågen på laurdag. Foto: Karstensens Skibsværft AS.

«Haugagut» skal døypast i Torangsvågen på laurdag. Foto: Karstensens Skibsværft AS.

Laurdag inviteter Haugagut og Drønen havfiske til dåpsfest av nye «Haugagut», designa og bygd ved danske Karstensens Skibsværft AS i Skagen. Fiskebåten vart overlevert reiarlaget 12. mai, og skal døypast fyrstkomande laurdag – i Torangsvågen, naturlegvis.

Skipet har eit totallengde på 69,95 meter, breidde på 15 og vekt på 2365 GT. RSW-kapasiteten er på 2 073 kubikkmeter. Maskineriet, som har diesel-elekrtisk framdriftsløysing kan gje output på mellom 1 500 kW (diesel-elektrisk) og 5100 kW (diesel-mekanisk med boost). Maksfart ved sistnemde er målt til 17 knop.

Hovudmaskinen og propellanlegg er levert av MAN, og hjelpemotorane er frå Scania.

Dekksutstyret er for det meste levert av Karmøy Winch, medan det elektrisk naviasjons- og fiskeriutstyr er levert frå kjende namn som Simrad og Furuno.