mai 192015
 
Kamilla Dale skal representera Noreg i landslagskapar mor Sverige i slutten av mai. Biletet vart teke då Kamilla kom heim til Eido att etter fyrste sesongen for Stod Volley i april.

Kamilla Dale skal representera Noreg i landslagskapar mot Sverige i slutten av mai. Biletet vart teke då Kamilla kom heim til Eido att i april etter fyrste sesongen for Stod Volley.

Kamilla Dale (23) er teken ut til å spela på det norske landslaget når dei møter Sverige til offisielle landslagskampar 29. og 30. mai.
– Det er stas. Eg gler meg til å spela med flagget på brystet, seier Kamilla til Marsteinen.

Førre veke var Kamilla saman med ein heil gjeng volleyballspelarar frå resten av landet på samling i Tønsberg i regi av Norsk volleyballforbund (NVBF). Målet var å der å kartleggja nivået til spelarane, og gjera uttaket til landslagskampane mot Sverige.
– Å komma til landslaget er eit mål eg trur mange har når dei driv i ein idrett. Eg gler meg til å spela på eit norsk lag, og representera Noreg, seier Kamilla, som elles er ein del av elitelaget Stod Volley.

Interessant spelar
Under samlinga i Tønsberg skulle spelarane gjennom treningar og teknikkar visa kva dei var gode for.
Landslagstrenar Odd Ekerhovd vart imponert over prestasjonane til Kamilla.
– Til vanleg er ho midtspelar, men synte at ho òg kan spela både kant og diagonalt. Det at ho beherskar fleire posisjonar gjer henne til ein veldig interessant spelar, seier Ekerhovd til Marsteinen. Han legg til at Eido-jenta er særs bra fysisk trent, og at spensten hennar er i særklasse.
– Det er tydeleg at Kamilla er vane med å trena på eit høgt nivå. Ho er ei flott jente å ha med på landslaget.
Dei tolv spelarane som vart tekne ut under samlinga i Tønsberg, kjem frå ti ulike norske klubbar. Aldersspennet går frå 17 til 25 år, så det er eit ungt seniorlag som representerer landet.
Frå Stod Volley er to norske spelarar tekne ut til landslaget. Kamilla er glad for å ha lagveninna Eline Bye med seg til Sverige.
– Me kjenner kvarandre godt både på og utanfor banen, og veit kvar me har kvarandre, seier ho.
I slutten av mai skal det nydanna landslaget fyrst ha samling saman med landslaget frå Sverige, der trening og treningskampar står sentralt. Opphaldet vert avrunda med offisielle landslagskampar, fyrst i Ängelholm den 29. mai og deretter i Halmstad 30. mai.

Av: May Linn Clement