mai 212015
 
Manger Musikklag tek turen til Hengjo fredagskvelden. Barn og vaksne er invitert til gratiskonserten – ei oppleving brassentusiast Ola Olsen garanterar vert knallbra. Foto: Anne Kolstad Morken.

Manger Musikklag tek turen til Hengjo fredagskvelden. Barn og vaksne er invitert til gratiskonserten – ei oppleving brassentusiast Ola Olsen garanterar vert knallbra. Foto: Anne Kolstad Morken.

Fredagskvelden bør leggjast til Hengjo, rådar Ola Olsen i Austevoll Brass. Då arrangerer bandet ein gratis konsert med verdsmeistrane i Manger Musikklag. – Eg kan garantera at det vert ei musikalsk oppleving utanom det vanlege, seier Olsen.

Det er ikkje kven som helst som gjestar Bekkjarvik fredagskvelden. Merittlista til Manger Musikklag (MML) er lenger enn dei fleste; dei har vunne åtte noregsmeisterskap, teke sigeren i Siddis Brass sju gongar, vart europameistar i 2011 og er inneverande verdsmeistrar i brass-musikk, etter dei vann World Music Contest i Nederland i 2013. Tevlinga vert arrangert kvart fjerde år.
– Det er viktig at folk kjem på konserten. Difor er det gratis inngang, så kan me heller ta betalt ein annan gong, seier joviale Ola Olsen. For rundt fem år sidan etablerte han Austevoll Brass, bandet for vaksne messingblåsarar. Gruppa har hatt ein jamn auke med medlemmar sidan den gongen, og folk vert verande. I dag er dei om lag tjue personar i bandet.
– Me er ein stabil gjeng, og legg mykje vekt på det sosiale. Det skal vera kjekt å vera med i Austevoll Brass.
Sjølv skal det temmeleg nyetablerte bandet saman med KDV skulekorps varma opp for Manger Musikklag i Hengjo. Som Olsen seier det så fint: Alle store artistar bør ha oppvarmingsband.

Populær- og filmmusikk
Musikken ein kan venta seg under konserten, er ikkje det ein vanlegvis assosierer med korps og blåsarar.
– Det er ein del settingar der korpsmusikk høyrer til, som under 17. mai og ulike kyrkjetilstellingar. Det Manger derimot representerer, er brass på eit langt høgare og friskare nivå enn det me er vane med. Dei har utvikla ein avansert og teknisk spelestil i særklasse. Det å få smaka på toppnivået, er spennande, freistar Olsen. Repertoaret vil såleis ikkje vera dominert av typiske korpslåtar, men derimot populærmusikk og storslagen filmmusikk – tonar publikum vil dra kjensel på.