mai 212015
 

kristel01
Det er snart åtte år sidan nyutdanna Kristel kom over den nyoppretta fysioterapeut-stillinga i Austevoll. Sidan har jobben vore hennar.

Den fastbuande journalisten må ha vekkjarklokka på 45 minutt tidlegare enn vanleg når ho skal rekkja å intervjua Kristel S. Engeset, som har pendla til Austevoll i snart åtte år. Klokka 07.30 trillar Kristel inn ved DOF-bygget, der ho har kontoret sitt saman med ein annan fysio- og to ergoterapeutar i offentleg teneste. Fyrste avtalen hennar er 08.15, og resten av dagen går det slag i slag, til ho tek B-ferja klokka 14.50 heimatt.
– Då rekk eg å henta barna i barnehagen. Eg kan sjaldan levera dei, seier Kristel. Faktisk må ho lista seg lydlaust rundt i huset for ikkje å vekka Anders (5) og Olivia (2,5) når ho sjølv står opp 05.43 – presist.
– Då kan eg ta ein kjapp dusj. Elles står vekkjarklokka på 05.48.
06.15 er ho ute av døra heime, og nøyaktig ein time og 15 minutt seinare er ho framme.
– Det er ikkje så lenge, då. Håret mitt er framleis vått etter dusjen, og det pleier å tørka fort!

Kjærleik på ferja
Tida på ferja har gjeve Kristel mange gode stunder i løpet av dei snart åtte åra ho har pendla. På dei solrike sommardagane er det som å vera ein halvtime på cruise – det einaste som manglar er ei solseng og ein paraplydrink. Kristel har til og med ei lita kjærleiksforteljing frå ferja å koma med.
– Det var hausten 2007, då eg fyrst byrja å pendla. Frå bilen min møtte eg stadig blikket til ei anna som alltid tok dei same ferjene som meg. Me byrja å nikka til kvarandre, og plutseleg ein kan kom ho bort og banka i ruta mi og spurde om eg ville vera med opp og ta ein kaffi. Då var det gjort.
Den komande veninna var tannlege på Storebø, men arbeider i dag på by-sida.
– Ho er ei av dei beste veninnene mine, og til helga er ho forlovaren min når eg giftar meg, seier Kristel.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.