mai 282015
 
Over vegen mot innkøyrsla til Knivhaugen burde det vera eit overgangsfelt, meiner Ingmar Ringdal. Her er eit felt teikna på i det aktuelle området.

Over vegen mot innkøyrsla til Knivhaugen burde det vera eit overgangsfelt, meiner Ingmar Ringdal. Her er eit felt teikna på i det aktuelle området.

Fleire stadar i kommunen er det naturleg at det ville vore eit fotgjengarfelt over bilvegen – men likevel er det ikkje der. Marsteinen ynskjer tips om slike stadar.

Ein fotgjengarovergang over hovudvegen ved innkøyrsla til Knivhaugen på Storebø, meiner Ingmar Ringdal er på sin plass. Dagleg ser han barn springa over vegen og klatra over rekkverket på sørsida, for slik å koma til gangvegen – eller omvendt. Det er nemleg ikkje gangveg på nordsida ved veterinærkontoret og Storebø økonomi og rekneskap sine kontor.
Skal ein fylgja vegvettreglane, må fotgjengarane gå rundt ved den gamle gamleheimen for å koma til fotgjengarovergangen ved Sentrumsbygg. Ikkje berre er det ein omveg, men det er òg eit område med mykje anleggsarbeid i.
– Folk bør få sleppa å gå under store kraner med tunge betongelement, meiner Ringdal. Medan Marsteinen er på staden, kjem det truleg eit pulje med ferjetrafikk. Både personbilar og lastebilar fyk forbi i 50-grensa. Frå sørsida er oversikta over trafikken som kjem dårleg.
– Alt er betre enn slik det er i dag, meiner Ingmar Ringdal.

Tips oss gjennom Facebook-sida vår, per e-post redaksjonen@marsteinen.no eller på telefon 55 08 21 02.