mai 292015
 
"Norderveg". Arkivfoto: Olav Endre Drønen.

«Norderveg». Arkivfoto: Olav Endre Drønen.

Regjeringa har utarbeidd ein strategi om heilskapleg politikk for vekst og vediskaping i den norske maritime næringa. Dei vil mellom anna stimulera til auka bruka av miljøteknologiske løysingar og arbeida mot globale ramevilkår for næringa.

– Regjeringa sin maritime strategi gjev den norske sjøfartsnæringa styrka konkurransekraft, og bidreg sterkt til å oppretthalde og vidareutvikla norsk maritim kompetanse og norske maritime arbeidsplassar, seier Ove Trellevik, maritimpolitisk talsmann i Høgre i ei pressemelding. Regjeringa vil leggja til rette for at Noreg òg i framtida skal vera ein leiande sjøfartsnasjon. Dei vil vidareføra rederiskattordninga, styrka nettlønsordninga og mjukna opp fartsområdeavgrensingane for skip under NIS (Norsk Internasjonalt Skipsregister). I dag er to av tre skip i norsk kystfart under utanlandske flagg. Regjeringa vil finna tiltak som stimulerer til meir skipsfart under norsk flagg.
– Her er oppmjuking av fartsområdeavgrensingane eit viktig verkemiddel, seier Helge André Njåstad (Frp) i pressemeldinga.
– Noreg har ei sterk historie som maritim nasjon. Dette kjenner eg godt som austevolling midt opp i den maritime klynga. Det er flott at regjeringsparia i fellesskap formidlar ein strategi for å utvikla og ta vare på det maritime clusteret.