jun 042015
 

Algirdas Motiejunas slår opp kamerastativet sitt. Skodar mot storhavet. Hentar ut spegelrefleksen sin frå ryggsekken. Lidenskapen hans er det han festar på minnebrikka.

 

I sona: Algirdas Motiejunas.

I sona: Algirdas Motiejunas.

We love Austevoll Islands in Norway heiter ein liten stad på verdsveven. Over 1 700 menneske av Facebook likar naturfotosida til Algirdas Montiejunas (35). Oppretta fyrst og fremst for å visa vener frå Litauen den unike naturen i havgapet.

– Familien orkar ikkje vera med meg når eg dreg ut for å fotografera, smiler Algirdas medan han dreg ut filter og filterhaldarar frå den rikhaldige kameraryggekken sin. Det er ikkje berre det at han slit ut turskoa sine på jakt etter gode motiv i Austevoll-naturen, der er òg slik at han nyttar lang tid på å finna den rette eksponeringa og komposisjonen.

– Som oftast har eg tenkt akkurat kva eg vil fotografera før eg dreg ut, seier litauaren som kom til Austevoll for å arbeida ei tid, men som mange andre vart verande. No bur han på Haugland saman med kona Lina og dottera Kamile (9).

Fleire foto av Algirdas Motiejunas finn du i avisa i dasg, saman med heile intervjuet med den lidenskapelege fotografen. Foto: Algirdas Motiejunas.

Fleire foto av Algirdas Motiejunas finn du i avisa i dasg, saman med heile intervjuet med den lidenskapelege fotografen. Foto: Algirdas Motiejunas.