jun 042015
 
Inger Anne Mortveit (bak) og Kristine Fagerbakke treng oppmerka gangfelt for å koma seg enkelt over fylkesvegen. I dag manglar det frå Sentrum,sbygg og heilt til Eidsbøen nord.

Inger Anne Mortvedt (bak) og Kristine Fagerbakke treng oppmerka gangfelt for å koma seg enkelt over fylkesvegen. I dag manglar det frå Sentrumsbygg og heilt til Eidsbøen nord.

I 15 år har Inger Anne Mortvedt, som er blind, arbeidd for å få gangfelt over fylkesvegen ved Tuo.

No er dei fire personar med førarhundar som bur i området, men framleis er det ikkje eitt einaste gangfelt over fylkesvegen mellom Sentrumsbygg og K. Senteret. Dette er i tillegg den mest trafikkerte vegstrekninga i kommunen.

I avisa i dag kan du lesa meir om korleis det er å vera svaksynt langs fylkesvegen, i tillegg til kvar det faktisk kjem gangfelt i løpet av kort tid.