jun 082015
 
Ved tildeling av nye konsesjonar, meiner fleirtalet i næringskomitéen at inntektene skal gå til kommunane som legg til rette. Det får Helge André Njåstad (Frp) til å smila. – Det var litt vår baby dette, seier han og tenkjer på kommunalkomitéen, der han sjølv er leiar.

Ved tildeling av nye konsesjonar, meiner fleirtalet i næringskomitéen at inntektene skal gå til kommunane som legg til rette. Det får Helge André Njåstad (Frp) til å smila.
– Det var litt vår baby dette, seier han og tenkjer på kommunalkomitéen, der han sjølv er leiar.

Næringskomitéen på Stortinget er blitt samde om at 80 prosent av inntektene ved tildeling av nye oppdrettskonsesjonar skal tilfalla kommunane.

 

Fleirtalet i næringskomitéen meiner at havbrukskommunane må få ein langt større del av vederlaga for tildelingar av nye konsesjonar i oppdrett. Kommunar og fylkeskommunar bør no sitja att med 80 prosent av inntektene, etter at Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet og Vestre er vorte samde om innstilling til regjeringa si havbruksmelding.

 

Vert fordelt frå fond

Innretninga av eit oppdrettsfond, der vederlaga skal fordelast frå, vert lagt fram i samband med statsbudsjettet i 2016. Stortingspolitikar Helge André Njåstad seier til Marsteinen at han er nøgd med ordninga.

– Dette har eg tatt til orde for før. For vestlandsregionen er det viktig at òg kommunane og fylkeskommuna som hele veien har vært oppteken av å leggja til rette for oppdrettsnæringa, også får en del av konsesjonsavgifta, seier Njåstad og legg til at han vonar eksisterande havbrukskommunar òg kan få ein del av kaka frå fondet.

SjømatNorge, tidlegare FHL, er òg tilfredse med at ordninga kjem på plass.

– Havbruksnæringa er særs nøgde med at me har fått gjennomslag for vederlaget for vekst i hovudsak skal gå til kommunane som legg til rette for havbruk, seier styreleiar Inger-Marie Sperre i ei pressemelding.