jun 112015
 
Storebøportalen vil verta arbeidsplassen til Bergitte Tveit Haugland frå juli av. Då opnar ho kledebutikken Dryss Mote.

Storebøportalen vil verta arbeidsplassen til Bergitte Tveit Haugland frå juli av. Då opnar ho kledebutikken Dryss Mote.

Bergitte Tveit Haugland (25) er utdanna innanfor pedagogikken – men det får vera i bakhand. I juli opnar ho nemleg kledebutikk i splitter nytt lokale på Storebø.

Dryss Mote er namnet, og staden er eit 50 rutemeter stort lokale i Storebøportalen. 2. juli opnar Bergitte Tveit Haugland butikken ho har arbeidd med dei siste månadane.
– I fjor haust byrja eg å leika med tanken om å opna ein kledebutikk her på Storebø. Då eg høyrte etter om det var ledig butikklokale i Storebøportalen, var det berre eitt igjen, og det fekk eg, seier den blide 25-åringen. Den siste tida har vore svært spennande for butikkinnehavaren, som har reist rundt om landet for å gjera avtale med leverandørar av merker ho ynskjer å føra i Dryss Mote.
– Eg vil tilby fine klede i alle prisklassar. Mest for jenter og damer, men òg ei avdeling for menn. I tillegg kjem eg til ha nokre sko og accessories, seier Bergitte.
Nokre av merkene ho vil føra er Vila, mbyM, Stella Nova og Birgitte Herskind – mykje dansk ute og går.
– Eg er open for innspel, og vil sjå an kva kundane vil ha. Om folk ynskjer noko dei ikkje finn i butikken, skal eg hjelpa så godt eg kan.

Storebø treng det
Dei siste åra har Bergitte budd i Bergen, der ho har student interkulturell pedagogikk. Ved sida av studiane har ho arbeidd, mellom anna på ein kledebutikk ved Kløverhuset.
– Det likte eg veldig godt. Sjølv har eg alltid vore oppteken av motar og å kle meg fint.
Etter at det var kjent at ho flyttar heim att for å driva kledebutikk, har ikkje dei gode attendemeldingane latt seg venta på.
– Eg har fått overraskande mykje positive kommentarar, og det set eg stor pris på. Storebø treng ein kledebutikk, me treng dette tilbodet, meiner Bergitte, som medviten har gått inn for å skaffa varer frå merker som per i dag ikkje er å kjøpa andre stadar i kommunen.
– Eg kjem òg til å vera på nettet, slik at det går an å sjå kleda og handla også, seier ho og viser til Handlegaten.no, som storesystera Camilla er ein av gründerane bak.

Av: May Linn Clement.