jun 112015
 
Bibliotekar Laila Ester Reidunsdatter Årland vonar mange barn vert med på Sommarles og får Leseknappar i gull, sølv eller bronse utdelt ved festen i september.

Bibliotekar Laila Ester Reidunsdatter Årland vonar mange barn vert med på Sommarles og får Leseknappar i gull, sølv eller bronse utdelt ved festen i september.

Barn som les, vert lesne for eller høyrer lydbøker i sommar, vert inviterte til ein heidundrande fest på Austevoll folkebibliotek til hausten.

Austevoll folkebibliotek er med i Sommarles, som er eit program for barn mellom 6 og 13 år. Det går ut på at barna les, vert lesne for eller høyrer lydbøker gjennom sommaren, fører opp tittel og forfattar i eit skjema, og leverer dette inn på folkebiblioteket i Bekkjarvik innan 1. september. Alle som er med på Sommarles, vert inviterte til ein fest på biblioteket den 22. september, der premieutdeling, forfattarbesøk, og gjerne noko godt for barneganar er på menyen.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.