jun 182015
 
Kjærleik ved fyrste stikk: Ole Årland og Laila E. Årland.

Kjærleik ved fyrste stikk: Ole Årland og Laila E. Årland. Bjarte Haugland har sin eigen makker.

Amors piler skaut blink då Laila Årland og Ole Årland møtte kvarandre på ein klubbkveld hos Austevoll bridgeklubb. Lagspel og samarbeid i ei rekkje turneringar i Noreg over fleire år knyter paret endå sterkare saman.

 

Laila spelar fast på lag med ektemannen sin og har gjort dette i fleire år. Det var tilfeldig at dei møtte kvarandre når dei spela bridge i Austevoll. No er dei makkerar og faste samarbeidspartnarar. Dei reiser saman til konkurransar og turneringar i heile Noreg. Kjærleiken blomstrar.

 

Et lagspill

– Bridge ber preg av å vera eit lagspel, der kommunikasjon og strategi er viktig. Ein må kjenna kvarandre godt for å vera eit vinnande lag, fortel Laila.

Kanskje det ikkje berre var tilfeldig at det blei romantikk?

Ifølgje dei som er samla for å spele bridge på Austevoll vidaregåande skule er det fleire deler av spelet, som er unikt og sameinande. I særleg grad er det eit lagspel, der konsentrasjon og moral må vera på topp. I tillegg er det menneske i ulike aldrar som spelar saman og mot kvarandre.

Les meir om spel og kjærleik i avisa i dag.