jun 182015
 
Tidtakingsutstyr og nytt dekke på løpebanen opnar oppp for nye høve for friidrettsgruppa i AIK, her ved leiar Nina Møgster.

Tidtakingsutstyr og nytt dekke på løpebanen opnar oppp for nye høve for friidrettsgruppa i AIK, her ved leiar Nina Møgster.

Friidrettsgruppa i Austevoll idrettsklubb er blitt tildelt idrettsmidlar frå kommunen til eit nytt system for tidtaking. Nina Møgster som er leiar for gruppa meiner at dette, saman med nytt dekke på banen, vert byrjinga på eit kjempeløft for gruppa, som vil gjera at det gror godt i rekkjene.

 

AIK har allereie til neste år vorte lova eit nytt dekke på banen av kommunen. Det gamle banedekket er frå 1984. I tillegg er planen å få opp ny tribune ifylgje ei heilskapleg pakke som inkluderer ny kunstgrasbane til fotball og som kommunen og næringslivet står bak.

– Nytt system for tidtaking vert difor siste brikka for å få på plass ein komplett og moderne idrettsarena, fortel Nina Møgster, som òg er trenar.

Ho er difor svært glad for at dei har fått 100 000 kroner til dette formålet.

– Det vil verta enklare og meir spennande å halda på med friidrett no. Me kan arrangera konkurransar og samlingar. I tillegg kan tids-statistikkane våre vera teljande.

Møgster meiner at ein vil greia å halda lengre på utøvarane og få ein større, samla gjeng.

Det lovar godt for tida framover. Ho viser tommelen opp for denne positive utviklinga. For tida består gruppa av rundt 30 medlemmar, men dei er berre rundt 10 som reiser på stemner alderen 9-12 år.

 

Behov for nytt system

Det har vore komplisert å ikkje ha eit oppdatert system for tidtaking. Manuell tidtaking er ikkje lenger godkjent tidtakingsmetode.

– Me har tidlegare lånt system for tidtaking av andre klubbar, som til dømes Stord. Men nyare system, som står montert fast, har gjort dette vanskeleg. Difor har det vore naudsynt med eit nytt system for tidtaking.

 

Tilbyr breidde

Ho argumenterer for at friidrett har eit breitt tilbod til alle, som òg kan kombinerast med andre idrettar.

– Alle kan finna noko dei likar. Samstundes får du basisøvingar. Du trenar blant anna spenst og koordinasjon. Dette kjem til nytte innanfor andre sportsgreiner, òg.

Ho påpekar at ungdomen treng noko meir enn berre fotball. Samstundes fortel ho at det alltid er behov for fleire til å driva friidrettsklubben. Ho skildrar variasjonen i treninga på følgjande måte.

– I løpet av ei trening kan me trena på løp, men òg på kulestøt og lengdehopp.

 

Planen framover

I fyrste omgang meiner ho at dei kanskje kan få til eit nytt stemne rett over sommaren for å prøva ut det nye systemet for tidtaking. Men til neste år, når det nye banedekket er på plass, ynskjer ho å arrangera eit stort stemne. Klubben vil òg engasjera seg på idrettsdagar med skulane for å synleggjera gleda med friidrett. Gruppa trenar på måndagar og tek gjerne imot nye medlemmar. Målet er å få ein like sterk friidrettsgruppe, som ein hadde på Austevoll på 1990-talet. Med eit nytt system for tidtaking og opprusting av heile friidrettsanlegget legg tilhøva til rette for dette.

 

Av Magnhild R. Fivelstad